Om Førde Rundt

Førde Rundt kom opp som ein ide og et initativ frå Bedriftsidretten. Vi tok med ideen ut til næringslivet og vart raskt møtt med positivitet- dette har Førde mangla! Vi har mange gode støttespelarar på laget som bidreg med kunnskap, midlar og premiar, med meir! Saman lager vi folkefest!

Vestland Bedriftsidrettskrets
Fjøsangerveien 68B 
5068 Bergen

Epost: vestland@bedriftsidretten.no
Telefon: 414 77 775

Om Bedriftsidretten

Bedriftsidretten er Norges største leverandør av folkehelse og sosial bærekraft. Vi gir bedrifter, kolleger, vener og familiar ein aktiv arena der ein er likeverdige og får til noko saman. Målet er å få så mange som mogleg i fysisk aktivitet, uavhengig av utgangspunkt. 

Eit godt aktivitetstilbod er viktig når ein skal rekruttere eller behalde gode ansatte, Og ikkje minst, redusere sjukefråver, skape ein felles identitet og eit godt miljø. For folkehelse handler om så mykje mer enn minuttar i aktivitet. Det handlar om tilhøyrighet, samhald, meistring og trivsel. Om å verte sett og vere ein del av noko meiningsfylt. 

Sidan 1957 har vi jobba i krysningspunktet mellom idrettsliv, arbeidsliv og frivilligheit. Med over 50 ulike aktivitetar, eit hundretals arrangementar, 300 000 deltakarar og 1500 bedriftsidrettslag har vi noko for alle. 

Vi er på lag med Norge.  

Er du klar?