Påmelding:

Påmelding til Førde rundt 2027 kan du gjere HER. (kjem snart)

Du kan velge mellom 3 distansar: Halv maraton, 10 km og 5 km. 

Løypa er lik for alle, men halv maraton har ei sløyfe på 1,1 km, før ein startar på fire runder a. 5 km. 

10 km får to runder a. 5 km, og 5 km ei runde

Start og mål vert på same plass!

Sjå kart over løype-traséen HER.


Påmeldinga er bindande, men kan du av ulike årsaker ikkje stille til start, så er det mogleg å "selge" startnummeret til nokon andre.

Les meir om dette HER.


Påmeldingsfrist:

Ordinær påmeldingsfrist er torsdag 5. august, men du kan etterpåmelde på heilt fram til 20 minutt før start for dei ulike distansane. Bedriftsstafett har påmeldingsfrist torsdag 19. august)


Vi håpar flest mogleg har lyst å delta på Førde rundt, og at de set av datoen alt i dag slik at vi ikkje får alle påmeldingane dei siste vekene. Det er mykje som skal planleggast og ordnast til løpet, så til fleire som meld seg på tidleg til betre arrangement kan vi lage til. 

Ingen etterpåmeldingsavgift!


Klasseinndeling og løypeval:

Kva klasse du melder på i går automatisk ut i frå din alder. Du vil også ut frå alder, automatisk få opp kva distansar du kan springe/gå.

Vi følger Friidrettsforbundet sitt regelverk for kva distansar born og juniorar har lov til å springe. Ein kan difor ikkje melde seg på i ei løypelengde som er lenger enn kva lovverket seier ut frå alder.

Løypelengdene vil derfor være slik ut frå alder:

5 km: 11 år og eldre, samt 0-10 år saman med foresatte.

10 km: 13 år og eldre.

Halv maraton: 15 år og eldre.

Born under 11 år får tida registrert, med vært ikkje plassert.

Kva distanse ein skal velge utover dette må ein kjenne litt på sjølv, kor langt ein har lyst til å springe eller gå.


Vi har og Para-klasse i dei 3 distansane, damer/herre. Løpet er lagt opp til at alle skal få være med, så ta kontakt om de treng noko tilrettelegging eller har spørsmål om paraklassane. 

Barnevognklasse:

Dette er klassen for deg med barn i barnevogn.

Distansen er på 5 km, og ein kan velge om ein vil springe eller gå. Her er det ikkje om og gjere å kome først i mål.

Det vært uttrekks-premiar i barnevognklassen.

Påmelding gjer du HER.


Familieklasse:

Alle familiar med minimum 3 deltakarar kan melde seg på i familieklasen og.

Ein melder på deltakarane på vanleg måte HER, og i tillegg fyller ut dette skjemaet HER for å melde på i familieklassen.

Deltakarane konkurerar på lik linje med dei andre i sin klasse i dei ulike løypelengdene, og kan i tillegg bli trekt ut som vinnarar av fine premiar i familieklassen.


Stafett:

Tilbodet om stafett er under utvikling.

Følg med framover for oppdateringar!


Trippel:

For dei som likar å springe ekstra langt, så har vi i år lagt til klassen "Førde rundt Trippelen"

Ein spring då først halv maraton, går i mål og stiller seg på startstreken igjen på 10 km og vidare på 5 km.

Påmelding til "Trippenen" gjer du HER.