Påmelding:
Påmelding til Førde rundt 2026 kan du gjere HER.
Du kan velge mellom 3 distansar: Halv maraton, 10 km og 5 km.
Løypa er lik for alle, men halv maraton har ei sløyfe på 1,1 km, før ein startar på fire runder a. 5 km.
10 km får to runder a. 5 km, og 5 km ei runde
Start og mål vert på same plass!
Sjå kart over løype-traséen HER.
Påmeldinga er bindande, men kan du av ulike årsaker ikkje stille til start, så er det mogleg å "selge" startnummeret til nokon andre.
Les meir om dette HER.
Påmeldingsfrist:
Ordinær påmeldingsfrist er onsdag 5. august kl 23.59 (gjeld ikkje bedriftstafetten. Denne har påmeldingsfrist torsdag 13. august)
Etter anmelding frå onsdag 6. august kl 0.00 til kl 08.30 på løpsdagen 15. august. (Prisen aukar med kr. 150,- for etter anmelding) Ingen etter anmelding for bedriftstafetten.
Dei siste dagane før løpet i 2025, fekk vi inn over 200 etterpåmeldingar. Unngå tilleggsavgift, og ikkje minst, hjelp oss som arrangerar, ved å meld dykk tidleg på. Då kan vi bruke dei siste dagane til å gjere løpsdagen best mogleg for dykk, i staden for å registrere etterpåmeldingar.
Klasseinndeling og løypeval:
Kva klasse du melder på i går automatisk ut i frå din alder. Du vil også ut frå alder, automatisk få opp kva distansar du kan springe/gå.
Vi følger Friidrettsforbundet sitt regelverk for kva distansar born og juniorar har lov til å springe. Ein kan difor ikkje melde seg på i ei løypelengde som er lenger enn kva lovverket seier ut frå alder.
Løypelengdene vil derfor være slik ut frå alder:
5 km: 11 år og eldre, samt 0-10 år saman med foresatte.
10 km: 13 år og eldre.
Halv maraton: 15 år og eldre.
Born under 11 år får tida registrert, med vært ikkje plassert.
Kva distanse ein skal velge utover dette må ein kjenne litt på sjølv, kor langt ein har lyst til å springe eller gå.
Vi har og Para-klasse i dei 3 distansane, damer/herre. Løpet er lagt opp til at alle skal få være med, så ta kontakt om de treng noko tilrettelegging eller har spørsmål om paraklassane.