Ny løypeprofil i 2026!

Vi lytta til alle tilbakemeldingane vi fekk etter Førde rundt 2025, og har endra løypa så det nesten ikkje blir løping på grus!

Start og mål er utanfor Spenst (sentrum sør). Velg mellom 5km, 10km og halvmaraton! Førde rundt er eit gateløp med mest mogleg tid i sentrum, det er derfor få høgdemeter, ein del hjørnevendingar! Løypa er para, familie- og publikumsvennleg!

Dersom 5km er for langt, kan du få starte der du ynskjer i løypa og komme i mål i Sentrum Sør. Meld deg på i 5km utan tid. Du vil få tildelt eit starttidspunkt, men kan då starte på valgfri stad i løypa. Vi vil ha med ALLE!



Om løypene

5km: Følg raud løype ei runde.

10km: Følg to rundar i raud løype.

Halvmaraton (21,1km): Følg grøn runde ein gong først, så fire rundar i raud løype.