Kva klassar kan eg delta i?
Vi har 5km og 10km med og utan tid! Vi har og halvmaraton med tid.
I tillegg har vi ei eiga barnevognklasse i 5km løypa. Alle klassene ligg opne så du kan melde deg på!
Vi oppmodar deg til å ta med familie og kollegaer! Bli med i kampen om Bedriftspremien og Familiepremien!
Kva er Bedriftspremien?
Vi premierer den bedriften som totalt klarar å samle flest kilometer i løpet av dagen. Hugs å registrere bedrifta di her!
Kva er Familiepremien?
Vi trekker 3 -5 premier blant dei familiane som deltek med minimum tre familiemedlemmar. Meld på din familie her!
Korleis betaler vi?
Ved påmelding på EQ timing sine nettsider kan du betale via vipps, bank eller få tilsendt faktura.
Ynskjer de å melde på fleire frå bedrifta samla, og få tilsendt faktura? Send oss ein epost, så ordnar vi ein kode!
Kva kostar deltaking?
For 5 km og 10 km kostar det kr 300,-
Skal du springe halvmaraton kostar det kr 500,-
Ynskjer du t-skjorte? Huk av på påmelding, kostnad kr 100,-
Når byrjar løpet?
Tidsplan kjem!
Eg treng overnatting!
Scandic Sunnfjord i sentrum er vår støttespelar. Dei har gode prisar og rabattert overnatting til deg som skal springe i forbindelse med løpshelga! Ta kontakt med oss for kode!
Treng eg lisens eller forsikring?
Bedriftsidretten vil ikkje krevje at deltakarane har lisens eller forsikring. Forsikring eller lisens er dermed ikkje ein del av deltakeravgifta. Ynskjer du å tegne ei valfri forsikring? Les mer på websidene til Norges Bedriftsidrettsforbund.
Når kan eg hente startnummer?
Det vil bli tilrettelagt for henting av startnummer dagane før løpet. Informasjon vil bli sendt på epost!
Er det moglegheit for ein dusj?
Med 100-vis av deltakere er det ikkje enkelt å tilby gode dusjmoglegheiter. Vi anbefaler å dusje heime, men har tilgjengeleg garderobar med dusj hjå Spens Førde
Kan eg sette frå meg sekken min ein trygg plass medan eg deltek i løpet?
Vi vil sette av eit område ved start/ mål der du kan levere inn sekken din medan du spring og hente den ut med ei kvittering etter målgang. Dette området vil verte markert på løypekartet når det nærmar seg løpsdagen.
Kan eg delta med barnevogn?
Ja! Vi har ei eiga klasse for deltakarar med barnevogn, 5.km! Sjå for deg å gå/jogge med ein stor gjeng med andre foreldre med barnevogn! Det vert ein fantastisk oppleving og skue!
Passar det for folk med nedsatt funksjonevne?
Hjå oss er alle velkomne, og løypa kan gjennomførast med ledsager. Ledsager deltek gratis. Ta gjerne kontakt om du treng ekstra tilrettelegging.
Kva gjer vi med transport?
Vi anbefalar sykkel eller kollektivtransport. Det blir masse folk og trangt om parkeringsplassane i sentrum. Velg samkøyring om du må ta bilen.