Tusen takk for din innsats i Førde rundt!
Laurdag 20. September 2025 arrangerte vi for fyrste gong Førde rundt midt i Førde sentrum!
Og for ein fest det vart!
Over 440 deltakarar på 3 ulike distansar, tettpakka med folk på Langebrua og blide og stolte fjes overalt!
Innsats, samhald og glede stod verkeleg i sentrum denne dagen!
Vi vil takke kvar enkelt av dykk for formidabel innsats! Både av dei som sprang, alle støttespelarane, Sunnfjord Kommune og alle dei frivillige!
Vi ynskjer å gjere Førde rundt endå betre i 2026 og håper at DU er med på laget!
