Påmelding:
Påmelding til Førde rundt 2026 kan du gjere HER.
Du kan velge mellom 3 distansar: Halv maraton, 10 km og 5 km.
Løypa er lik for alle, men halv maraton har ei sløyfe på 1,1 km, før ein startar på fire runder a. 5 km.
10 km får to runder a. 5 km, og 5 km ei runde
Start og mål vert på same plass!
Sjå kart over løype-traséen HER.
Påmeldinga er bindande, men kan du av ulike årsaker ikkje stille til start, så er det mogleg å "selge" startnummeret til nokon andre.
Les meir om dette HER.
Klasseinndeling og løypeval:
Kva klasse du melder på i går automatisk ut i frå din alder. Du vil også ut frå alder, automatisk få opp kva distansar du kan springe/gå.
Vi følger Friidrettsforbundet sitt regelverk for kva distansar born og juniorar har lov til å springe. Ein kan difor ikkje melde seg på i ei løypelengde som er lenger enn kva lovverket seier ut frå alder.
Løypelengdene vil derfor være slik ut frå alder:
5 km: 11 år og eldre, samt 0-10 år saman med foresatte.
10 km: 13 år og eldre.
Halv maraton: 15 år og eldre.
Kva distanse ein skal velge utover dette må ein kjenne litt på sjølv, kor langt ein har lyst til å springe eller gå.
Barnevognjoggerne:
Dette er klassen for deg med barn i barnevogn.
Distansen er på 5 km, og ein kan velge om ein vil springe eller gå. Her er det ikkje om og gjere å kome først i mål.
Det vært uttrekks-premiar i barnevognjoggerne.
Påmelding gjer du HER.